Reidar Djupedal (1921-89) frå Selje var språkforskar og kulturhistorikar. Han var oppteken av både historie og historier, og skreiv gjennom heile livet ned folkeminne frå heimbygda. I denne boka om "Gamle Selje" har Ove Eide skrive ei innleiing og samla eit utval av Djupedal sine tekstar med emne frå Selje. Her handlar det om kloster og kyrkje, livet i gamle dagar, song og dans, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir. Fleire av tekstane er skrivne på dialekt, der forteljinga om onkelen Jakob Djupedal sine opplevingar i Kanada utmerkar seg. Reidar Djupedal var cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1950, med hovudoppgåve om Ivar Aasen. Han arbeidde ved universiteta i København, Oslo og Bergen før han vart professor ved Universitetet i Trondheim i 1969. I "Store norske leksikon" er Djupedal omtala som "i sin tid den fremste kjenneren av Ivar Aasens liv og verk... Djupedal publiserte en mengde bøker og artikler av høy faglig kvalitet." I nettleksikonet "Allkunne" vert Djupedal omtala som "ein av dei store kulturhistorikarane på 1900-talet." Boka er rikt illustrert med kring 135 gamle bilete frå Selje, mange av dei tekne av Kristofer Djupedal (1877-1963), far til forfattaren.
Les mer
Boka inneheld eit utval kulturhistoriske tekstar med emne frå Selje. Dei handlar om m.a. livet i gamle dagar, segner og eventyr og stadnamn.

Produktdetaljer

ISBN
9788282400299
Publisert
2010-11-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
272

Forfatter
Redaktør