I den ferske ordboka «Gasta greie - ord og uttrykk frå Fusa» får du ei unik formidling av den lokale og nasjonale språkarven. Boka har med over 2900 lokale ord og uttrykk, friskt illustrert og formgjeven av biletkunstnar Anja Tveiterås. Boka byr på eit innblikk i ein frodig ord- og kulturarv som fusingane deler med bygdene ved Bjørnafjorden og vidare ut. "Gasta greie" byggjer på eit manus frå tidlegare lærar Lars Holdhus (1917-2000). Boka inneheld også eit portrett av Holdhus, skrive av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes. Språkprofessor Gunnstein Akselberg bidreg med ein epilog til ettertanke. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Universitetet i Bergen og boka kjem ut på John Grieg Forlag. Boka er ei perfekt gåve til både unge, gamle, utflytta, nyinnflytta og innbarka fusingar, men vil også vera eit funn for alle språkinteresserte frå fjern og nær. Boka er lekkert illustrert med både snert og humor. Denne boka set ein ny norsk standard for ordbøker og den klassiske ordlista!
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788253303482
Publisert
2016-10-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fusa kommune
Vekt
876 gr
Høyde
235 mm
Bredde
220 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Flerspråklig
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
216

Forfatter
Redaktør
Illustratør