Denne boka byggjer på ein artikkelserie, skriven for vekeavisa Dag og Tid. Forfattaren, Jon Hustad, har reist gjennom fleire europeiske land - Hellas, Tyskland, Italia, Island og Irland - for å dekkja finans- og euro.krisa. I artiklane ser han nærare på årsakene til at vi fekk den store økonomiske krisa, og kva som kan gjerast for å koma ut av henne. Gjeldsslaven Europa. Ein guida tur i finansielle ruinar er ein historisk dokumentasjon og vil gjera at eurokrisa - som er lite dekt og forstått i Noreg - no kan verta betre kjeldelagd. Jon Hustad gjev med dette eit naud.synt bidrag til vår tids kan henda viktigaste debatt. Jon Hustad (f. 1968) er historikar av utdaning og arbeider som journalist i vekeavisa Dag og Tid. Han har tidlegare gjeve ut fire bøker: Skolen som forsvann (2002), 14 menn og 1 kvinne (2004), Hjørundfjorden (med Per Eide, 2005) og Varsleren (2006). Bøkene til Hustad har fått gode kritikkar, og han har motteke prisar for forfattarskapen sin.
Les mer
Forfattaren har reist gjennom fleire land for å dekkje finans- og eurokrisa. Her ser han nærare på årsakene til den økonomiske krisa, og kva som kan gjerast for å koma ut av henne. Boka byggjer på ein artikkelserie, skriven for vekeavisa Dag og Tid.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788279901259
Publisert
2012-05-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vidarforlaget
Vekt
340 gr
Høyde
215 mm
Bredde
139 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
154

Forfatter