God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. God i ord 4 Språkbok handlar om å bruke språket til å uttrykke seg både munnleg og skriftleg, og oppfordrar elevane til å skrive tekstar i ulike sjangrar, halde presentasjonar og uttrykke sine eigne meiningar. Boka er delt inn i fire bolkar (merkte med eigen farge) som korresponderer med dei fire hovudområda i læreplanen for norskfaget i Kunnskapsløftet: Bolk 1: Kommunikasjon Bolk 2: Munnleg bruk av språket Bolk 3: Skriftleg bruk av språket Bolk 4: Vi utforskar og lærer om språket Kvart kapittel har ei startside der måla for arbeidet med kapittelet er lista opp. Slik kan elevane på ein oversiktleg måte få vite kva dei skal arbeide med i kapittelet. På slutten av kvart kapittel finn dei eit eigenvurderingsskjema som vil vise i kva grad måla blei nådde. I boka finn elevane mange varierte og differensierte oppgåver. I oppgåvesamlinga på slutten av kvart kapittel er oppgåvene delt inn i dei som kan passe til alle , til dei som syntest stoffet var vanskeleg og til dei som syntest stoffet var lett . I kvart kapittel finn elevane også eit ordpensum som repeterer viktige ord og uttrykk frå kapittelet.
Les mer
Boka gir ei innføring i språklige emner gjennom variasjon og metodebredde i oppgavestoffet.

Produktdetaljer

ISBN
9788252171105
Publisert
2008-07-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
676 gr
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
167