GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Samfunnskunnskap gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne i GRIP 3 Samfunnskunnskap er: samfunn, styresett, demokrati, diktatur, fordommar, integrering, forbrukarsamfunnet, kjærleik, seksualitet og samliv, rusmiddel, kriminalitet og straff, FN, norsk økonomi og globalisering. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 3 Samfunnskunnskap som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjingar til morsmålet. I lærarrettleiinga finn læraren supplerande oppgåvemateriell til nedlasting, dessutan tips til undervisninga. Forfattaren Ingrid Værum Larsen har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har jobba med faga norsk, samfunnsfag og engelsk på grunnskule for vaksne og med norskopplæring for spor 1-elevar. Værum Larsen er for tida knytt til Johannes Læringssenter i Stavanger. Grip 3 Samfunnskunnslkap, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Grip 3 Samfunnskunnslkap, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Lyd - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Les mer
På omslaget: På lett norsk
I henhold til GDPR-regelverket

Produktdetaljer

ISBN
9788211026170
Publisert
2018-10-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
Fremmedspråklige voksne
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok
Antall sider
154