Kva for innsikt om fortida er det historikarane søkjer? Og korleis går dei fram for å nå denne innsikta og skape meiningsfulle framstillingar av det fortidige? I denne boka syner forfattarane mangfaldet i kunnskapen om fortida og arbeidsmåtane som kan brukast for å gripe den. Dei tek for seg alle delar av forskingsprosessen, val av problemstilling og avgrensing, metodiske innfallsvinklar i arbeidet med kjelder og, ikkje minst, teoriane si rolle i slikt arbeid. Boka viser korleis ein kan forklare hendingar og prosessar historisk, samstundes som den legg vekt på at historiefaget sjølv nettopp må forståast historisk. Emna, metodane og perspektiva har endra seg over tid, samstundes som mykje av det gamle historiefaget pregar måten historikarar arbeider på i dag. Astri Andresen er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen. Sissel Rosland er førsteamanuensis i moderne historie, Avdeling for lærarutdanning, Høgskolen i Bergen. Teemu Ryymin er dr.art. og forskar ved Uni Rokkansenteret, Bergen. Svein Atle Skålevåg er førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen.
Les mer
Boken handler om hvordan historikere griper an mangfoldet i kunnskapen om fortiden. Den tar for seg alle deler av forskningsprosessen, valg av problemstilling og avgrensning, metodiske innfallsvinkler i arbeidet med kilder, og teorienes rolle i dette arbeidet. Med litteraturliste og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252173338
Publisert
2012-01-18
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
480 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
226