Denne framstillinga handlar om ei nyvinning i norsk sivilprosess: gruppesøksmål. Rettare sagt er det to nyvinningar: påmeldingsgruppesøksmål - som er ei effektivisering av reglane om subjektiv kumulasjon, og utmeldingsgruppesøksmål - som er «eigentlege» gruppesøksmål. Boka er meint som ei handbok og ei innføring i dei mange spørsmåla som kan oppstå ved gruppeprosess. Ho har nytte for alle som ynskjer å setja seg nærare inn i dei prosessuelle spørsmåla dette nye rettsfeltet reiser. Gruppesøksmål er lagt opp i fem delar. Første del er ei generell innleiing til emnet. I den andre og mest omfattande delen har forfattarane gjeve djuptgåande og systematiske kommentarar til paragrafane i kapittel 35 i tvistelova. I tredje del blir andre lovreglar om gruppesøksmål kommenterte. Fjerde og femte del inneheld vedlegg (forskrifta om gruppesøksmål) og ei rekkje register.
Les mer
Boka handlar om gruppesøksmål, ei nyvinning i norsk sivilprosess, og er meint som ei handbok og ei innføring i spørsmåla som kan oppstå ved gruppeprosess. Med avkortingar, liste over lover og forskrifter og rettspraksis. Har litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205425279
Publisert
2012-06-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal juridisk
Vekt
564 gr
Høyde
244 mm
Bredde
171 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
217