Dei siste åra har vi frå ulike hald sett ei veksande uro for gutane sin oppvekstsituasjon. Stadig oftare ser vi døme på at gutar kjem til kort på mange sentrale livsområde. Dette biletet treng nyansering og supplering. Svein Ole Sataøen gjer i denne boka greie for karakteristiske trekk ved gutane si utvikling, og korleis familien, barnehagen og skulen møter dei. Det gjer han ved å presentere nye og varierte forskingsresultat på området, og han drøftar i kva grad gutar maktar å leve opp til dei forventningane det moderne samfunnet har til dei. Svein Ole Sataøen teiknar eit nyansert og nært bilete av dei utfordringane gutar har i oppveksten, både dei gledene dei har, men óg dei vanskane dei møter på vegen mot det å bli menn. Dette biletet går langt djupare enn moderne stereotypiar. På denne måten gir boka alle som samhandlar med gutar ny innsikt og nye spørsmål til refleksjon. Boka vil difor interessere alle som er opptekne av barns oppvekst.
Les mer
Forfattaren peker på guter og deira utvikling gjennom barndommen. Boka ser på utvalte karakteristiske trekk og korleis dei blir motteke i familiane, barnehagen og i skulen. Ved å presentere oppdaterte forskingsresultat viser han til dei utfordringane guter har og kva dei må oppleve av vanskar og gleder på vegen til å leve opp til forventningane som samfunnet rundt setter. Målgruppa for boka er alle som er opptekne av barn og barns oppvekst. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788205329676
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal akademisk
Vekt
295 gr
Høyde
218 mm
Bredde
145 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
198

Illustratør