Dette er det første bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv: å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid. Dette bandet byrjar med eit spørsmål: Kva er det med Hå og håbuen? Deretter kjem kapittel om korleis landskapet veks fram, om natur, plante- og dyreliv. Hå har ei lang historie der den eldste busetnaden går attende til år 10 000 f.Kr.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788232102280
Publisert
2013-09-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Akademika
Vekt
1510 gr
Høyde
275 mm
Bredde
215 mm
Dybde
24 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
399