Reni Yassau har ein grufull løyndom liggjande i kjellaren. Kjem dette ut, er han ein ferdig mann. 50 år gamal, ein akta organist på den vesle staden der han bur, ein folk helsar på med vørdnad når dei møter han etter vegen. Korleis kunne det eigentleg gå til at han rota seg så fullstendig opp i noko han ikkje ser veg ut av? Han veit så vel - han må finne ei løysing. For kvar dag som går, skrur tida seg til, og alvoret aukar. Han er langt frå nokon drapsmann, tvert om - det einaste han ønskjer, er å sjå venleik. Ein roman som fortel noko om mørkesidene me ber i oss. Skamkjenslene me vik attende for å verta konfronterte med. Eigil Steinsfjord er filolog og lektor ved Valdres vidaregåande skule sidan 1975. Han har skrive ei rekkje skodespel, og dette er hans tredje skjønnlitterære bok.
Les mer
Reni er 50 år, ein akta organist, og ein folk helsar på med vørdnad når dei møter han etter vegen. Men han har ein grufull løyndom liggjande i kjellaren. Skulle det komme ut, vil han vere ein ferdig mann. Korleis kunne han rote seg så fullstendig opp i noko han ikkje ser vegen ut av? For kvar dag som går, skrur tida seg til og alvoret aukar. Han er langt frå nokon drapsmann. Det einaste han ønskjer, er å sjå venleik.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241904271
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
271 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
136

Forfatter