Handbok i norrøn filologi held fram der den norrøne grammatikken sluttar. Her får lesarane innføring i ti sentrale emne i den norrøne filologien - om handskriftene sjølve, om tilpassinga av det latinske alfabetet for norrønt, om lesing av runer, om dialektar i gammalnorsk og gammalislandsk, om syntaktisk utvikling frå urnordisk til mellomnorsk, om mellomnorsk språk i seinmellomalderen, om person- og stadnamn (med ei reise langs kysten), om norrøn verselære og skaldedikting, og endeleg har boka eit kortfatta oversyn over den norrøne prosaen. Boka høver godt for studentar på høgskolar og universitet, men det er lagt vekt på å gjere framstillinga så lett tilgjengeleg at boka kan lesast med utbyte av alle som er interesserte i den norske språkkulturen i mellomalderen. Handbok i norrøn filologi er eit nasjonalt samarbeidstiltak og har forfattarar frå dei fire universiteta og frå høgskolane i Agder og Stavanger - alle ekspertar på sine felt: Marit Christoffersen, Jan Ragnar Hagland, Jon Gunnar Jørgensen, Else Mundal, Endre Mørck, Karin Fjellhammer Seim og Inge Særheim. Boka er redigert av Odd Einar Haugen ved Universitetet i Bergen. Odd Einar Haugen er professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, redaktør av Maal og Minne og leiar av Medieval Nordic Text Archive. Han har tidlegare forfatta fleire læremiddel i norrønt. Boken er utgitt av Fagbokforlaget i samarbeid med Landslaget for Norskundervisning (LNU).
Les mer
Boka gir ei innføring i sentrale emne i den norrøne filologien: handskriftene sjølve, tilpassinga av det latinske alfabetet for norrønt, lesing av runer, syntaktisk utvikling frå urnordisk til mellomnorsk, mellomnorsk språk i seinmellomalderen, person- og stadsnamn, norrøn verselære og skaldediktning og hovuddraga i den norrøne prosalitteraturen. Med litteraturliste og register.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788245001051
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad & Bjørke AS
Vekt
1084 gr
Høyde
245 mm
Bredde
175 mm
Dybde
40 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
512

Redaktør