Ei oppdagingsferd inn i biologien i hendene dine. Hendene dine er eit resultat av ei utvikling over milliardar av år. Biologen Åsmund Eikenes tek oss frå ursuppa og fram til hendene dine. Kvifor er hendene som dei er? Korleis fungerer dei, og korleis samtaler dei med hjernen? Korleis beskyttar huda oss mot farlege bakteriar og virus? Og kva om vi kuttar av oss ein finger, kan vi i framtida produsere ein ny finger i laboratoriet? Åsmund Eikenes fortel i denne boka ei rekkje engasjerande historier om ny vitskap, medisinske gjennombrot og fascinerande oppdagingar, alt med utgangspunkt i hendene dine. Boka er ei oppdagingsferd i biologien, ei reise bakover i tid, innover i kroppen og framover mot neste vitskaplege gjennombrot. Du blir også kjend med dine eigne hender gjennom observasjonar og små eksperiment.
Les mer
Sidetall hentet fra trykt utgave

Produktdetaljer

Publisert
2016-10-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok