Harry og Ivar er tilbake! Harry og Ivar er to karar i sin beste alder, og no har dei starta detektivbyrå. Når skrinet med Leonardo da Vincis store løyndom blir stole frå bymuseet, då får dei ei utfordring dei ikkje kan seie nei til. Godt nytt: Museumsdirektøren har lova finnarlønn til det detektivlaget som løyser saka. Og Ivar får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv. Dårleg nytt: Laget til Harry, HARRYS GRANDIOSA DETEKTIVBYRÅ, går for ei anna sak. Dei vil finne travhesten Halte-Blessen, som er kidnappa frå Lady Rosalind Pettersen. Berre ein ting er sikkert: Her er ugler i termosen! Illustrert av Per Dybvig Lars Mæhle er ein produktiv og prislønt barne- og ungdomsbokforfattar. Han har mellom anna vunne ungdommens eigen pris, Uprisen, og bøkene hans er omsette til fleire språk. Les også: Harry og Ivar finn opp krutet Harry og Ivar i Junaited Statesen Harry og Ivar tryllar jula inn
Les mer
I løpet av natta blir eit gullskrin som inneheld Leonardo da Vincis store løyndom stole frå bymuseet. Eigaren av innhaldet vil bli verdas mektigaste person når den tidsinnstilte låsen opnast. Dei gode nyheitene er at det er utlovd finnarlønn, og Ivar er på saken. Han får hjelp av oppfinnaren Toni Invento og dottera Siv.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252179828
Publisert
2011-10-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
356 gr
Høyde
206 mm
Bredde
153 mm
Dybde
18 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
180

Forfatter
Illustratør