Havlandet historia om hava som skapte Noreg

Innbundet / 2018 / Nynorsk
449,-
393,-
På lager, sendes nå

Produktbeskrivelse

Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjende for dei aller fleste. ... Denne boka er ei reise til det usynlege Noreg. Den skildrar dei mangfaldige landskapa under vassflata. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg. orfattaren tek lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane, frå oppdrettspionerane på Lovund til dei siste kvalfangarane i Nordsjøen. Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis. I Havlandet blir naturvitskap, historie, mytologi og ramsalte reportasjar vevde saman til ei stor og rik forteljing om Noreg og havet. Per Anders Todal er journalist. Fanden på flat mark. Historier frå Kviterussland (Samlaget 2009) fekk han strålande meldingar.

Detaljer

ISBN13
SKU
9788241913549
Format
Product format
Innbundet
Utgiver
Vendor
Forlaget Vigmostad & Bjørke AS
Språk
Product language
Nynorsk
Publisert
2018