Prins Henrik, den vordande heltekongen Henrik den femte, er hovudperson i dobbeltdramaet, ikkje far hans som stykka var oppkalt etter. Vi følgjer ein ung mann sitt syndefall, omvending, forbetring og oppreising. I del I, møter vi prinsen i dårleg selskap, saman med Sir John Falstaff, men i striden med opprøraren Henry Percey - Bråfyk -, syner prinsen heltemot, og er dyktig med vapen, og da han i femte akt i del II skrider ut av Westminster Abbey som nykrona konge, avviser han Falstaff: Du gamling, er meg ukjend, be til Gud. Kor ringt det kvite hår kler narr og gjøglar! Eg drøymde lenge om ein mann som denne så ei fyllevom, så gammal, og så gudlaus. Så vakna eg og hata denne draumen. Charles Swinburne samanlikna Falstaff med Sancho Panza hos Cervantes og Panurge hos Rabelais. Falstaff er ein narr og ein bajas, språket hans er ein særeigen, rik blanding av høgt og lågt. "Berre nokre ganske få karakterer i verdslitteraturen er så levande til stades som Falstaff, slik sett er han Hamlet sin rival hos Shakespeare." Harold Bloom
Les mer
I skuespillets annen del er det stadig uro i riket, og kongen er svekket. Kronprins Harry fortsetter sin lystige livsførsel inntil det skjer en forandring i livet hans slik at han kan krones som Henrik V og gi nasjonen nytt håp.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249506361
Publisert
2009-09-17
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
218 gr
Høyde
206 mm
Bredde
131 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
173

Oversetter