Hermeneutikk som metode ein historisk introduksjon

Heftet / 2019 / Nynorsk
399,-
På lager, sendes nå

Produktbeskrivelse

Hermeneutikk dreier seg om tolking eller interpretasjon, om å avdekke ein underliggande samanheng eller ei djupare meining i handlingar, tekstar, kunstverk og liknande kulturuttrykk. I denne boka gir Nils Gilje ei brei innføring i dei mest sentrale tradisjonane og retningane innan hermeneutisk tenking, med vekt på korleis hermeneutikk har blitt brukt som metode. I ein gjennomgang av hermeneutisk tenking frå antikken til vår tiddrøftar han korleis hermeneutikk opphavleg vart forstått, og korleis humanistar og samfunnsforskarar har bidratt til utviklinga av hermeneutiske tolkingsstrategiar. Gilje viser korleis Spinoza utvikla den moderne hermeneutiske intensjonalismen, og korleis denne metoden er blitt vidareført i tradisjonen frå Herder til Weber og Giddens. Hans-Georg Gadamer og hans vekt på forskarens eigne føresetnader representerer eit viktig korrektiv til denne tolkingslæra. I boka blir Gadamer behandla i eit eige kapittel, men blir sett inn i ein større samanheng. Eit overordna siktemål med boka er å få fram at hermeneutiske tradisjonar som blir oppfatta som uforeinelege, likevel kan sameinast i konkrete tolkingsprosjekt og med fordel kan dra nytte av kvarandre.
Les mer »

Detaljer

ISBN13
9788252193657
Format
Product format
Heftet
Utgiver
Vendor
Samlaget
Språk
Product language
Nynorsk
Publisert
2019