Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskapelege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei voks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set henne på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
Les mer
Pseudonym

Produktdetaljer

ISBN
9788252190250
Publisert
2017-05-29
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
550 gr
Høyde
198 mm
Bredde
133 mm
Dybde
44 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
572

Forfatter
Oversetter