Metha i Lida har som tenåring ein klar plan for framtida. Ho skal bli lege, kjøpe hus og stifte familie. Ein djup depresjon, som ho gjer alt ho kan for å skjule, set alle planar på vent. 24 år gammal forsøker ho å ta livet sitt. Ingen veit kor vanskeleg ho har det før sjølvmordsforsøket - ingen må vite det! Kva går gjennom hovudet til Metha i sekunda før ho prøver å ta livet sitt? Korleis går det med henne når ho overlever og må starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2? Metha inviterer oss inn i psyken sin, når ho er så langt nede som det er mogeleg å komme. Og fortel om den lange reisa tilbake til seg sjølv, med hjelp frå familie og helsevesen. I boka gjev ho eit brutalt og ærleg bilete av depresjon, hypomani, suicidalitet, psykisk helse og korleis ho har komme seg vidare etter at ho fekk diagnosen ho må leve med resten av livet. - Er det éin ting eg har lært dei siste åra, så er det at utruleg mykje vondt kunne vore unngått om eg berre hadde snakka om det. Med kven som helst. Nokon skulle fått vite det.
Les mer
For ei bok! Mest spennende og informative egenberetning om bipolaritet jeg har lest. Inngående om alle sider som aldri blir kjedelig. Det er mesterlig. Men framfor alt: Dette er jo litt av en roman! Jeg fikk assosiasjoner til .Mitt urolige sinn. og .Glassklokken.. Språket er fabelaktig.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401548
Publisert
2019-10-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
330 gr
Høyde
212 mm
Bredde
135 mm
Dybde
17 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
184

Forfatter