Margit Dale frå TV 2-seriane Fjellmat og Kystmat har gjennom naturleg veremåte og jordnær matformidling blitt svært populær. Matbloggen margitdale.no har fått ein stor følgjarskare, og etter to kokebøker saman med Trond Moi og Rune Andersen er ho klar med si første på eiga hand. I boka presenterer ho over 80 oppskrifter i spennet mellom tradisjon og fornying, og vi følgjer henne frå sjø til hei på jakt etter gode råvarer og matopplevingar. Ho har laga ei bok som sprudlar av mat- og livsglede, og som samtidig kjem med viktige innspel i ei tid der berekraft og miljøperspektiv blir knytt sterkare og sterkare til maten me et kvar dag. Margits oppvekst i Setesdal var prega av gamle mattradisjonar og nærleik til naturen. Dette har lagt grunnlaget for ein matfilosofi som byggjer på kortreiste råvarer, reine smakar og matglede. Margit seier det slik: «Ta deg ein tur i skogen, på fjellet eller ut på sjøen saman med familie eller gode vener. Jakt, plukk, sank, fisk og ta det med heim. Lag god mat frå botnen av, og gled deg over maten saman med hyggjelege folk. Skap smakar og augneblinkar som du alltid vil minnast. La maten få ein verdi i livet ditt - eg er sikker på at du ikkje vil angre!»
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788241954092
Publisert
2021-03-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vigmostad Bjørke
Vekt
1068 gr
Høyde
255 mm
Bredde
207 mm
Dybde
23 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
254

Bilder av