Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre glør av nostalgi? Opedal går ikkje berre tilbake der han kom frå, men også til fortida og røtene. Kvifor blei akkurat Odda heimen hans? Og er eigentleg Odda framleis heim? Undervegs møter han folk - og ikkje minst seg sjølv - og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.
Les mer
Det hoppar og sprett meir i hovudet enn i føtene til vandraren, og slikt skapar underhaldande lesing. Smått og stort, alvorleg og morosamt. Det er godt han gjekk heilt til Hildal. Det hadde vore endå betre om turen gjekk til Halne. Då kunne boka vart litt lenger.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252197938
Publisert
2019-04-30
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
360 gr
Høyde
210 mm
Bredde
138 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
234

Forfatter