Berit nærmar seg 60 år. Etter ho blei uføretrygda frå lærarjobben har ho levd eit rolig liv, stort sett heime i huset. Ho les bøker, strikkar, og lagar middag til mannen som framleis er i arbeid. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som plutselig skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap. Rune Belsvik tar oss rett inn i uroa til ei ung kvinne, og fortel om hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. HO SOM VAR SÅ SØT er eit truverdig og sterkt kvinneportrett. Det er godt gjort av ein mann å skrive så åpent og medrivande om korleis overgrep kan prege eit heilt liv.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788202585792
Publisert
2017-12-31
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Cappelen Damm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av