Slepp Maren å gifte seg? Får Rasmus skilsmisse? Er familiane Beer og Muldrup like gode? Har prestekona ei ulovleg bok i vindaugskarmen? Kan kyrkjelyden bli kvitt presten? Spørsmåla var mange når kapitelretten kalla folk inn til rettsmøte i, eller i nærleiken av domkyrkja.

Kapitelretten var ein spesialdomstol i det dansk-norske rettsapparatet i tidleg nytid. Saksgrunnlaget var først og fremst ekteskapssaker og interne kyrkjelege konfliktar. Fleirtalet av dommarane var prestar knytt til domkyrkja i stiftet.

Ekteskapstrøbbel, familiefeidar og omdiskuterte sjelesørgjarar prega rettsmøta. Referata gir unike innblikk i vanlege folk sitt liv. Dei viser menneskeleg samkvem og kvardagsliv, men også korleis retten endra seg over tid. Boka baserer seg på referat frå domkapitelretten i Stavanger stift (frå 1682 kalla Kristiansand stift) i perioden 1600 til 1750.

Margit Løyland er historikar og arbeider i Arkivverket. Ho er ein erfaren formidlar og har gitt ut fleire vitskaplege og populærvitskaplege bøker og artiklar, mellom anna Hollendertida i Norge 1550–1750 og Aschehougs illustrerte norgeshistorie, saman med Unni Løkkebø.
Les mer
Utgivelsesår ikke oppgitt i publikasjonen

Produktdetaljer

ISBN
9788281402980
Publisert
2025-10-02
Utgiver
Wigestrand Forlag AS
Vekt
1131 gr
Høyde
246 mm
Bredde
205 mm
Dybde
26 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
294
Sjanger
Faglitteratur

Forfatter