Arne Garborg var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande forfattar og vanskeleg å putte i éin bås. Bidraget hans til kulturhistoria vår er større enn dei skjønnlitterære tekstane; tenkjaren - Garborg "med lykti i hand" - med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida, har vore etter måten lite påakta. Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk. Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren sjølv var det, og vil bidra til å kaste nytt lys over ein av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg.
Les mer
Boka kastar lys over mennesket og forfattaren Arne Garborg. Norske Garborg-kjennarar analyserer her forfattarskapen ut i frå teologiske, religionsvitskaplege, filosofiske, estetiske og litteraturvitskaplege perspektiv. Blant bidragsytarane er: Gudleiv Bø, Tor Obrestad, Norunn Askeland og Eldrid Lunden.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788292922262
Publisert
2011-01-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Efrem forl.
Vekt
753 gr
Høyde
228 mm
Bredde
180 mm
Dybde
32 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
348