Husa våre fortel om byggeskikk og arkitektur i Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til idag. Frå Urnes stavkyrkje frå år 1130, den einaste norske enkeltbygning på verdsarvlista, til Tungestølen turisthytte, teikna av arkitektkontoret Snøhetta i 2019. Husa våre fortel om over 500 hus og bygningsmiljø i fylket: Alle freda hus, alle kyrkjer, alle fyr, og eit rikt utval av skular, rådhus, forsamlingshus, fabrikkar, kraftstasjonar, bankar, villaer, bustadhus, turisthytter, hotell, prestegardar, embetsmannshus, løer, gardshus, sjøhus, flyplassar, posthus, sjukehus, og mykje meir - og til og med ein freda bensinstasjon. Reisa startar inst i Sognefjorden og set punktum med vêrradaren ytst på Stad. Alle 26 kommunane er med, og kring 150 arkitektar og byggmeistrar får eigen omtale. Husa våre set byggeskikken og arkitekturen i Sogn og Fjordane inn i ein både nasjonal og internasjonal samanheng. Fylket har aldri vore isolert, og byggherrar, handverkarar og arkitektar har skapt hus og bygningsmiljø som er interessante for alle som er opptekne av norsk arkitektur og kulturhistorie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788282401579
Publisert
2019-11-22
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Selja Forlag
Vekt
2800 gr
Høyde
268 mm
Bredde
247 mm
Dybde
44 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
664

Redaktør