«Det regnar når ho vaknar, det er hardt regn mot vindauga, ho ligg i senga og høyrer det og sjølv om klokka allereie er mykje snur ho seg med andletet inn mot veggen og prøver å sovna att. Ho er tung i hovudet. Det er varmt oppe på hemsen. Den vesle varmen frå den elektriske ovnen ved vindauget stig opp til henne der ho ligg. Nede på golvet er det isande kaldt. No sovnar Maria. Når ho vaknar regnar det ikkje lenger.» Det handlar om Maria. Ho er student og bur på ein liten hybel i ein stor by. Ein dag ser ho ei jente som er heilt lik henne sjølv, ei jente som går rundt i gatene, stoppar opp framfor ei grøn tredør og bankar på. Maria bestemmer seg for å banka på den grøne døra "I dag er ein fin dag" gir ei nær og klar skildring av Maria, av augneblink og erfaringer som utgjer Maria sitt liv.
Les mer
Då Maria framleis bur heime hos foreldra, prøver ei venninne ut ein slags test på henne. Maria skal skriva ned kva personar ho assosierer med ulike fargar, kva dyr ho identifiserer seg med og eit ord ho forbind med havet. Om havet skriv Maria "døyvande". Etterpå går dei gjennom svara hennar, og venninna forklarar at dei ulike svara representerer ulike ting i livet til Maria. Det ordet ein forbind med havet skal seia noko om framtida. Ho spør kva venninna forbind med havet. Venninna svarar "rørsle".
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249504305
Publisert
2006
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Oktober
Vekt
270 gr
Høyde
136 mm
Bredde
212 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
132