Urovekkjande, erotisk og eksplosiv roman Jo ligg på baderomsgolvet under ein heimeabort. Korleis hamna ho her? Korleis kunne kjærleiken bli vond og umogleg å gi vidare? Gjennom fragment frå barndom og vaksenliv ser vi korleis Jo motvillig veks inn i denne kvinna som kjenner livet ebbe ut av seg. Dei ulike situasjonane som flimrar gjennom minnet, handlar om korleis vi leiker med kvarandre, som søsken, i familierelasjonar, i parforhold, om at leiken aldri berre er ein leik: For kven bestemmer reglane, når er vi frivillig med på leiken, og i ytste konsekvens: Når er det ikkje lenger berre ein leik? Jos relasjonar til broren Iben, faren, mora og kjærasten utforskar dei ulike nivåa av sosiale spel ein inngår i. Dette er ei forteljing om identitet, kjønn og makt: Om kroppen som grense for alt vi kan bli, og alt vi kan vere. Kristina Leganger Iversens velskrivne roman som kretsar om tema som ansvar, fridom og leik, og om valden som kviler over alt som ein skugge.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252187472
Publisert
2015-04-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
244 gr
Høyde
197 mm
Bredde
138 mm
Dybde
16 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
159