For krigs og etterkrigsgenerasjonen er Peder Furubotn (1890-1975) eit kjent politikarnamn. Få har som som han vore omstridd i den politiske debatten i Norge i etterkrigstida. For unge i dag er Peder Furubotn eit ukjent namn. Men Furubotn var den einaste norske politikaren som kontinuerleg vart forfylgt av tyskarane frå 1940-45. Det at han greidde å halda seg på frifot under heile motstandskampen er ei bragd som imponerer - og som vil fascinera framtidige generasjonar. I denne boka får lesaren kjennskap til Furubotns rolle i norsk historie. Hovudvekta ligg på kampen om makta over Norges kommunistiske parti 1945-49. Var det Furubotn eller Josef Stalin som skulle styra partiet? Boka er bygd på Titlestads avhandling til dr.philos.-graden ved universitetet i Bergen. Bedømmingskommiteen skreiv at "Det er her tale om original forskning på et højt internationalt niveau..." Dette er eit standardverk om norsk kommunisme - frå ei tid då NKP på meiningsmålingar hadde opp til 15% av veljarmassen på riksplanet - i byane vel 20%. Det var under Furubotns leiing at NKP spela ei sentral rolle i norsk politikk - med to statsrådar i 1945 og 11 stortingsrepresentantar 1945-49. Tidlegare topphemmelege sovjetiske kjelder blir her for første gong tilgjengelege for norske lesarar. Torgrim Titlestad er cand.philol., historikar og førsteamanuensis ved Høgskolen i Stavanger.
Les mer
Etter annen verdenskrig var Peder Furubotn (1890-1975) leder for Norges kommunistiske parti. Etter stortingsvalget i 1949 trådte han tilbake fra partiledelsen etter oppgjøret mellom to fraksjoner i partiet. I denne boka får leseren kjennskap til Furubotns rolle i norsk historie, og hovedvekten ligger på kampen om makta over NKP 1945-49. Har litteraturliste og stikkordregister.
Les mer
Omslagsundertittel: Kampen om NKP. 1945-1949

Produktdetaljer

ISBN
9788276741438
Publisert
1997
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
899 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
596

Forfatter