Slagferdig og uhøgtideleg om norsk bokbransje. Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn, to garva forlagsmenneske, skal ho halde i lanseringa av den første boka til den kjende forfattaren Michel Sørbrøt på ti år - ein ekteskapsroman. Han er elska og hata, eit provoserande geni - men er den nye boka noko særleg? Kva meiner ekskona? Og kvifor er det så viktig for Oddlaug å vere ven med Michel på Facebook? Ikkje tenk på det er ein uhøgtideleg satire i seks scenar om litteraturbransjens meir eller mindre skuggelagde krikar og krokar. I ein stil vi kjenner godt, skriv Nilssen kløktig og humoristisk om aktuelle debattar kring pengedrivet, kritikarstanden og kulturmannen, om nettverk, røyndomslitteratur og #me too - attkjenneleg for mange i eit lite og lesande land som Noreg.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019-05-15
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter