Humankapital, sosial og kulturell kapital er alle døme på immateriell kapital, fordi dei representerer varige, ikkje-fysiske storleikar som kan ha ulik nytteverdi. Denne nytten, eller avkastninga, kan både vera av materiell og immateriell karakter. Boka tek for seg immateriell kapital på tre forskjellige område: *Del I handlar om tema knytt til migrasjon, der mellom anna utfordringar i samband med arbeidsinnvandring og møte med menneske på flukt frå krig og naud vert løfta fram. * Del II handlar om språk og læring, der ulike sider ved språkkultur, læringskultur og idrettskultur vert drøfta. * Del III tek for seg ulike typar immateriell kapital knytt til næringsliv og samfunn. Tekstane er basert på presentasjonar som vart haldne på Fjordkonferansen i 2016. Boka er open access og ligg fritt tilgjengeleg på idunn.no. https://www.idunn.no/immateriell-kapital
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788215028156
Publisert
2017-06-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Universitetsforlaget
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
420