Dei siste åra har statistiske analyseteknikkar for kategoriske datamengder fått auka popularitet innanfor samfunnsvitskapane. Denne boka gjev ei brukarretta innføring i ein slik teknikk - korrespondanseanalysen - som særleg er vorten kjend gjennom arbeida til den franske sosiologen Pierre Bourdieu. Hovudvekta i framstillinga er lagt på korleis ein skal nytte korrespondanseanalysen i eigne arbeid eller studiar, og mot moment som ein må vere særleg merksame på når ein bruker teknikken. Boka er i første rekkje retta mot studentar og forskarar ved samfunnsvitskaplege fag, men er også relevant for brukarar av marknads- og spørjeundersøkingar. Johs. Hjellbrekke er for tida universitetsstipendiat i sosiologi ved Universitetet i Bergen.
Les mer
Boka gjev ei brukarretta innføring i korrespondanseanalysen, som særleg er vorten kjend gjennom arbeida til Pierre Bordieu. Hovudvekta i framstillinga er lagt på korleis ein skal nytte korrespondanseanalysen i eigne arbeid eller studiar, og mot moment som ein må vere særleg merksame på når ein bruker teknikken.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276744422
Publisert
1999
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
284 gr
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
127

Forfatter