Bøkene i Fagbokforlaget sin livsmeistringsserie fortel historier om vonde opplevingar og tilstandar ting det er vanskeleg å innrømme, setje ord på og å snakke om. Dette er også historier som mange born og unge vil kjenne seg igjen i. Bruk bøkene til å setje ord på di historie. Historiene finst som digitale bøker med innlesen tekst på heimesida til Lesedilla, det digitale lesebiblioteket frå Fagbokforlaget. JANUS Ho byggjer muren stein for stein sakte mellom oss og seg sjølv. Muren, sett saman av andre sine forventningar til kven ho er og kven ho skal vere. JANUS er ei historie om kulturkonflikt. Om å gjere seg sjølv usynleg fordi det blir umogleg å høyre til. Ei historie om å ha røtene i éin kultur og livet i ein annan, om aldri å kunne kjenne seg fri til å snakke og meine. Likevel er det håp fordi det finst nokon som vil hjelpe. Kjenner du deg att eller veit om nokon som ikkje har det bra? Vil du snakke meir om dette temaet? Vis boka til ein du stoler på. Ikkje gi deg før nokon vil snakke med deg eller hjelper deg. JANUS er ei bok i Fagbokforlagets livsmeistringsserie.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788211029041
Publisert
2018-06-07
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Aldersnivå
12-16
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Digital bok

Illustratør