Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes (red.) "Jeg gikk meg over sjø og land ." . Bidrag til Kyrkjefaga Festskrift til Ottar Berge Kyrkjefag Profil nr. 1 . Denne artikkelsamlinga er ein hyllest til amanuensis Ottar Berge i høve 65-årsdagen hans. Bidragsytarane er henta frå ein breid vennekrins i kyrkjelege og teologiske miljø. Den første delen tek opp religionspedagogiske emne, innanfor både kyrkje og skule. KRL-faget representerer eit nytt og utfordrande grensesnitt mellom skule og kyrkje. Dette aktualiserer også spørsmåla omkring kyrkja si dåpsopplæring. Den andre delen tek opp sider ved den kyrkjelege komunikasjonssituasjonen, frå det gamle spørsmålet om språk og religiøs erfaring til den kristne misjonens erfaringar med kulturmøte og kulturskifte. Den tredje delen handlar om kyrkjestrategiske og praktisk-teologiske utfordringar i både fortid og samtid, som statskyrkjesystemet og organiseringa av folkekyrkja, og kyrkja sitt møte med folketru og folkeleg livstyding. Mange av artiklane vil kunna dekka behov for pensumlitteratur til kyrkjefaglege emne. Redaktørar: Jan Ove Ulstein (f. 1944), cand. theol. og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda og Per M. Aadnanes (f. 1944), dr. philos. og professor ved Høgskulen i Volda. Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
Les mer
Artikkelsamlinga er ein hyllest til amanuensis Ottar Berge i høve 65-årsdagen hans. Den første delen tek opp religionspedagogiske emne, innanfor både kyrkje og skule. Den andre delen tek opp sider ved den kyrkjelege kommunikasjonssituasjonen, og den tredje delen handlar om kyrkjestrategiske og praktiskteologiske utfordringar i fortid og samtid. Har liste over bidragsytarar.
Les mer
Undertittel hentet fra omslaget

Produktdetaljer

ISBN
9788251916738
Publisert
2001
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet