Forfattaren Johan Tufteland (1913-1998) voks opp på eit nes ytst mot Nordsjøen, blant gamle tradisjonsmedvitne folk under harde livsvilkår, dagleg i fåre. Havet det store og livet nær brenningane er Tuftelands primære motivkrins, men kvardagen er ikkje vonlaus; det blir slått ein stjernesådd himmel over kystfolks tilvere. Forma er kort, stilen knapp og fri, påverka av Olav H. Hauge som han møtte og førde eit omfattande brevskifte med om dikting og diktarar. Også med Einar Økland hadde Tufteland gjennom ei årrekkje brevbyte om litterære emne. I boka teiknar Økland eit portrett av venen frå Austevoll. Utvalet av dikt og tekstar er redigert av Idar Stegane og Reidar Storaas.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788271286774
Publisert
2013-08-21
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Bodoni
Vekt
257 gr
Høyde
240 mm
Bredde
170 mm
Dybde
10 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
112