Adventsbok i 24 kapittel. God jul, pirripam! Det er første desember. Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell. Men det er noko som ikkje stemmer. Fredrik høyrer lydar som ingen andre høyrer. I tillegg går ein geitebukk laus på hotellet, og høgt under taket flyg fuglar rundt med nisselue og skjegg. Men så treffer Fredrik nissejenta Fryd. Og frå den dagen endrar alt seg. Dei oppdagar at Krampus, ein fråfallen nisse, har kidnappa Erkenissen. No står jula i fare! Kan Fredrik og Fryd hindre at nissane endar i Den evige kvile? «Jul på Bukken hotell» er ei adventsbok delt inn i 24 kapittel. Fylt med nissehumor og juleglede er vi med på ei spanande reise fram mot julekvelden. Vil kjærleiken og håpet overvinne mørket? Illustrert av Ingrid dos Santos.
Les mer

Produktdetaljer

Publisert
2019
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok
Antall sider
224