Eit hovudverk i nyare skandinavisk romankunst! «Eg skriv til dykk frå ei anna verd.» Med desse orda opnar Andrzej Tichy sin mest ambisiøse roman hittil. Omgrepet kairos er, i antikkens tidsoppfatning, ein kriseaugneblink, eit kritisk punkt mellom to hendingar, i motsetnad til kronos, den lineære tida. Tichy utforskar kritiske punkt i historia til det 20. og 21. hundreåret. Romanen er ein kollasj av skjebnar, stemmer og bilete som går på tvers av den lineære tida; gjennom sitatmosaikk og skiftande forteljarspor undersøkjer han krisa og valden, opprøret og avmakta, håpet og fortvilinga, utopien og dystopien. I Kairos' vev av stemmer og bilete gnissar både 1900-talet, samtida og framtida mot kvarandre: 30-talsdepresjonen, Peter Weiss' møte med Karin Boye, Bernward Vesper og 68-rørsla, den arabiske våren og ein Jeanne d'Arc-skikkelse som rører seg mellom ulike stader. Kairos er ein treffande sivilisasjonskritikk som verkar eksplosiv og utfordrande. Omsett av Gunstein Bakke.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252193602
Publisert
2018-05-04
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
582 gr
Høyde
212 mm
Bredde
140 mm
Dybde
30 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
437

Forfatter
Oversetter