Første bok i ny fotballserie! Bli kjend med to unge fotballgudar: Stein og Storm, som speler i FK Rapitas. I denne boka blir dei vikla inn i ein kvass strid med det største rivallaget sitt: Stutane. Det blir kamp om meisterskapen - men også om mykje meir! Då eit par gutar frå Stutane stel ballen til Storm, gjer Rapitas-spelarane ei overraskande oppdaging. Og med oppdaginga følgjer det uventa problem. Greier Stein og Storm å konsentrere seg om fotballspelet? Og vil Stein lykkast med å vinne hjartet til Femke, eller vil han aldri kunne bli noko anna enn vennen til veslebror hennar? Frå nederlandsk ved Anne Lande Peters. Ei kul fotballbok. Eg gler meg til å lese del to. - Jens (9) Det eg synest er mest spennande, er om Stein og Femke blir kjærastar. - Charlotte (13) Eg las boka på éin kveld. Eg håper verkeleg at del to er like spennande. - Jimmy (12) Det er gøy å lese, fordi det ikkje berre handlar om fotball. - Marit (14) Eg syntest det var ei spennande fotballbok! Eg har alt hatt ein bokpresentasjon på skulen om denne boka. - Dennis (11) Les også: Farleg spel Utfinting
Les mer
Illustrasjoner: Mark Janssen

Produktdetaljer

ISBN
9788252186888
Publisert
2017-06-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
290 gr
Høyde
210 mm
Bredde
135 mm
Dybde
15 mm
Aldersnivå
9-12
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
149

Forfatter
Oversetter
Illustratør