Kimen (1940) er ei krass skildring av den villskapen som brått kan bryte ut hos mennesket, men er òg ei forteljing om anger, skuldkjensle og ei trassig tru på framtida. Romanen utspelar seg på ei lita grøn øy, der garden Li blir sentrum for hendingane. Ein ukjend mann, Andreas Vest, kjem til øya. Ingen veit kven han er, og øyfolket er skeptisk til han. Så skjer det eit drap. Og med dette byrjar ei nådelaus jakt på den ukjende mannen. Alle har ei formeining om kva som har skjedd - og kva som bør gjerast. Før Kimen var Tarjei Vesaas kjend for å skrive realistiske romanar og noveller. Men med denne boka skjer eit stilskifte i forfattarskapen, der han tek steget over i allegorien, blir meir særeigen og finn si stemme innanfor det ein kanskje kan kalle symbolsk modernisme. I dag ragar Kimen som ein av dei verkeleg store Vesaas-romanane.
Les mer
Eit drap jagar villskapen opp i alt folket på ei øy. Utan nåde forfølgjer dei drapsmannen. Men så kjem angeren og redsla over hevnen. Fri frå den sanselause brutaliteten må kvar einskild stå andlet til andlet med sitt eige samvit og avgjera korleis det vonde kan sonast.
Les mer
Sidetall hentet fra første trykte utgave

Produktdetaljer

Publisert
2011-03-24
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gyldendal
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter