Kinesisk religion og religiøsitet pregar i dag i betydeleg grad førestillingsverda, livssynsperspektiva og den religiøse og etiske praksisen til over ein milliard menneske. Denne boka er ei innføring i den historiske utviklinga av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i kinesisk samanheng. Kinesarane omtaler gjerne desse tre religionane som "dei tre læreretningane". Den historiske utviklinga til den kinesiske folkereligiøsiteten er også introdusert. Denne er eldre enn dei tre læreretningane og er i likskap med desse framleis levande truspraksis. Konfutsianismen reknar Kong Fuzi (Konfutsius) som sin viktigaste læremeister. Daoismen er bygd på læra til vismannen Laozi. Buddhismen var i utgangspunktet ein framand religion i Kina, innførd frå Buddha sitt heimland, India. Boka tek føre seg kinesisk religion og religiøsitet i fire fasar: - Den eldste religiøsiteten frå før dei store filosofane stod fram - dei store filosofane Kong Fuzi og Laozi og kulturskiftet tankane deira førde til - hundreåra då dei tre læreretningane etablerte seg - utviklinga innan dei tre læreretningane og den kinesiske folkereligiøsiteten fram til vår tid. Boka er skriven med tanke på behovet i religions- og kulturstudiar ved universitet og høgskular. Det finst ikkje andre framstillingar av kinesisk religion av dette omfanget på norsk. Arne Redse (f. 1950) er utdanna teolog og er professor ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda. Han underviser også ved Fjellhaug Misjonshøgskole i Oslo. Han var misjonsprest i Hong Kong frå 1983 til 1993 der han mellom anna underviste ved Lutheran Theological Seminary. Han har publisert fleire bøker innan systematisk og praktisk teologi.
Les mer
Boka gir en innføring i den historiske utviklingen av konfutsianismen, daoismen og buddhismen i Kina. Den tar for seg kinesisk religion og religiøsitet i fire faser: den eldste religiøsiteten fra før de store filosofene sto frem, de store filosofene kong Fuzi og Laozi, etableringen av de tre læreretningene, samt utviklingen innen de tre læreretningene og den kinesiske folkereligiøsiteten frem til vår tid. Med litteraturliste.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251925952
Publisert
2010-06-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Vekt
236 gr
Høyde
240 mm
Bredde
169 mm
Dybde
8 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
116

Forfatter