Strikkeekspert Tove Fevang har vore i arkivet til garnfabrikken Sandnes Garn. Denne gongen har ho vore på jakt etter oppskrifter til dei aller minste. Her finn du plagg med snømenn, seglbåtar og lokomotivmønster, tradisjonelle kufter og genserar, heile sett til dei aller minste, men òg jakker, kjolar, luer og vottar. Fevang har leita fram kjære og kjende strikkeoppskrifter frå heilt tilbake til 1950-talet, tilpassa dei vår tid og dagens garntypar. Arkivet til landets eldste garnfabrikk er eit skattkammer for den strikkeinteresserte, og ein del av norsk kulturarv. Boka inneheld trinn-for-trinn-bilete og gode forklaringar for den som ikkje er heilt stø i alle teknikkar. Strikk vakre strikkeklede med namn som Lykkeliten og Småen! Alle modellane kan strikkast i ullgarn som toler vask i maskin.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252183207
Publisert
2013-09-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
1120 gr
Høyde
287 mm
Bredde
237 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
204

Forfatter
Illustratør