Kommunikasjon dreier seg om å skape ei felles oppfatning av ein situasjon ved at samtalepartane har ein reell tovegs kommunikasjon. Det sentrale temaet i boka er: Kva skjer i samtalen, og korleis kan den profesjonelle og klienten saman betre kvaliteten på samarbeidet, rådgivinga, regelforvaltinga eller utforskinga av ein klientsituasjon? I boka blir konkrete møte analyserte, der den profesjonelle medverkar til at klientar kjem seg ut av mishandlingsforhold, taklar alkoholproblem eller får hjelp til å betre sin økonomiske situasjon. Ut frå studiar av samtalar mellom klientar og sosionomar på sosialkontor er det identifisert fire samtaleorienteringar. Målet med denne boka er å bidra til sjølvrefleksjon hos den profesjonelle ved å bevisstgjere om kva krav ein kan stille, og korleis. Boka rettar seg mot studentar og praktikarar som er opptekne av den institusjonelle samtalen. Særleg kjem tilsette ved sosial-, trygde- og arbeidskontor til å få nytte av boka. Siv Oltedal er førsteamanuensis og studieansvarleg for masterutdanning i sosialt arbeid ved Høgskolen i Bodø.
Les mer
I boka blir konkrete møte analysert, der den profesjonelle medverkar til at klientar kjem seg ut av mishandlingsforhold, taklar alkoholproblem eller får hjelp til å betre sin økonomiske situasjon. Boka rettar seg mot studentar og praktikarar som er opptekne av den institusjonelle samtalen. Har litteraturliste og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788276748772
Publisert
2004
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Fagbokforlaget
Vekt
327 gr
Høyde
220 mm
Bredde
155 mm
Dybde
11 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
197

Forfatter