Fotobok med intervju: "Augo som ser. Børge Kalvig i samtale med Sigrid Bø Grønstøl". Sterke andlet og røffe nevar, tørrfisk på veggen og kaffikvern i omnskråa, det er etterkrigstidas Ryfylke. I denne boka har kunstfotografen Børge Kalvig saman med dotter si, biletkunstnaren Ellen Kalvig, valt ut høgdepunkt frå si store samling av fotografi frå Ryfylke. Fotografen kjenner dette miljøet, han har lege i kammersa, ete på voksdukane, rodd i båtane. Med kameraet har han tatt vare på kjære stunder og minner, ikkje bare for seg sjølv, men for eit par generasjonar av kystfolk som vil kunna kjenna seg att. Dette er ei fotografisk kulturhistorie for Ryfylke og kystlandet elles. Men ikkje bare det. Kunstnaren Børge Kalvig kombinerer det dokumentariske med det estetiske og får oss til å sjå det kjende og vanlege på nye måtar, viser oss kvardagen, men også poesien, slitet og arbeidet, men også draumen og gåtene. * Å koma heim på NRK * Å koma heim i Suldal * Børge Kalvig tildelt Norges Fotograf-forbunds høgaste pris Gullmedalje med krans (Stavanger Aftenblad)
Les mer
I boka blir høgdepunkt frå forfattarens store samling av fotografi frå Ryfylke presentert. Folket er fotografert i kvardag og helg, i arbeid og kvile, i husa, på garden, på sjøen, på vegen og i landskapet.
Les mer
Forord av Ellen M. Kalvig

Produktdetaljer

ISBN
9788299755504
Publisert
2009-10-27
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Sturnus forl.
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
93

Forfatter
Contributions by
Illustratør