Gertrude Stein var ein av dei store fornyarane av litteraturen på 1900-tallet. Ho var uredd, snakkesalig, rik, arrogant, lesbisk, kunstkjennar, matglad. Ho er særleg kjend for sitatet «A rose is a rose is a rose is a rose», og for å ha sett merkelappen «the lost generation» på generasjonen som fekk liva sine prega av å ha vore unge under første verdskrigen. Stein har hatt ry på seg for å vere vanskeleg. Men tekstane som her er omsette, har alle vore halde som foredrag. Dei har difor ein munnleg flyt i seg, som gjer dei enklare enn til dømes mange av dikta hennar. I Kva er engelsk litteratur og andre foredrag finn ein Steins slåande fabuleringar om alt frå kva eit meisterverk er og kvifor den engelske litteraturhistoria kan forklarast med at dei budde på ei øy og eigde alt omkring seg, til kvifor spørsmålsteiknet ikkje eignar seg til anna enn brennmerking av kyr. Det er berre å gi seg over, til rytmen, humoren, elegansen og brodden, og nyte «kor fullstendig det som er skrive seier det det gjer.
Les mer
Tekstane er henta frå Lectures in America (1935) og What are masterpieces (1940)

Produktdetaljer

ISBN
9788279903765
Publisert
2017-05-26
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Vidarforlaget
Vekt
212 gr
Høyde
178 mm
Bredde
128 mm
Dybde
14 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
126

Forfatter