Det kan lyda som ein klisjé å seia at kyrkja står framfor nye og store utfordringar no i starten av det andre tusenåret sitt her i landet. Påstanden summerer likevel opp mange og avgjerande endringar i forholdet mellom kyrkja og samfunnslivet. Det er difor all grunn til å ta han på alvor. At det knakar i statskyrkjesystemet er berre ei side av dette. Like viktig - og kanskje meir djuptgripande - er spørsmålet om Den norske kyrkja framleis kan kallast ei folkekyrkje. Eit vesentleg moment i dette er det omskiftet som har skjedd i skulen si religionsundervisning, frå å ha vore ei konfesjonell kristendomsopplæring til å bli ei meir allmenn religions- og livssynsundervisning. Dette har nemleg medført at kyrkja ikkje lenger kan lita på at skulen gjev den elementære opplæring og undervisning i kristendom som ho ønskjer for medlemmene sine. I staden har ho måtta utvikla eit eige kyrkjeleg opplæringsprogram. Eit viktig poeng er no at dette opplæringsprogrammet krev ei ny og langt tyngre satsing enn før også på kyrkjeleg utdanning. For det trengst sjølvsagt lærarkrefter til den nye kyrkje-lege undervisninga. Og det trengst ei utdanning som kan gje dei tilstrekkelege faglege og pedagogiske kvalifikasjonane. Det er med andre ord avgjerande viktig enno ein gong å retta interessa mot kateketen og kateketutdanninga. Det er denne tematikken omkring forholdet mellom kyrkjeleg undervisning og utdanning denne artikkelsamlinga tek opp. Artiklane byggjer i hovudsak på foredrag haldne på ein konferanse om kyrkjeleg utdanning og undervisning ved Høgskulen i Volda hausten 2002. Kyrkjefag Profil er ein skriftserie frå Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
Les mer
Tematikken i artikkelsamlinga dreiar seg om forholdet mellom kyrkjeleg undervisning og utdanning. Artiklane byggjer på foredrag haldne på ein konferanse om kyrkjeleg utdanning og undervisning ved Høgskulen i Volda hausten 2002.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788251918794
Publisert
2003
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Tapir akademisk forlag
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Bokmål
Format
Product format
Heftet
Antall sider
132

Redaktør