Eg var berre ein liten svart katt, og verda glodde mistruisk på meg og hysja, hysja, hysja på meg. «Lausgjenga»r skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattaren ein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.
Les mer
Fumiko er fattigdronninga, med ung kropp og slite hjarte. Det er vanskeleg ikkje heie på henne. [.] Det er uvanleg friskt for si tid.

Produktdetaljer

ISBN
9788279593287
Publisert
2021-06-03
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Skald
Vekt
314 gr
Høyde
186 mm
Bredde
125 mm
Dybde
25 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
260

Forfatter
Oversetter