Ved undervisning i læringsstrategiar og leseforståing er det viktig at elevane får møte fagtekstar allereie frå første klassesteg. I Lesevis START møter elevane ulike tekstar, og det er lagt vekt på tre ulike siktemål med lesinga: å oppleve, å lese enkle fagtekstar eller å lese for å følgje ein instruksjon. Lesevis START begynner med korte tekstar og høg grad av ordrepetisjon. Utover i boka blir tekstane lengre og stiller større krav til ord- og innhaldsforståing. Heile vegen blir det lagt vekt på at læraren styrer aktivitetane. Lesevis START er ei eingongsbok der elevane i tillegg til enkle skriveoppgåver også får lære å teikne stiliserte dyrefigurar, noko som er nyttig både for finmotorikken og for motivasjonen! Ved hjelp av ein QR-kode i boka kan elevane følgje teikneinstruksjonen i ein filmsnutt.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788249219339
Publisert
2018-04-12
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Gan Aschehoug
Vekt
165 gr
Høyde
299 mm
Bredde
210 mm
Dybde
5 mm
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
40