I Lokal og regional styring: eit institusjonelt perspektiv presenterer Oddbjørn Bukve nyare utviklingstrekk innan kommunesektoren. Boka tek opp både idégrunnlaget for nye styrings- og arbeidsformer og formelle organisasjonsendringar som har funne stad. Kommunar og fylkeskommunar er institusjonar som skal fylle fleire roller. Dei er tenesteproduserande organisasjonar, lokale og regionale ledd i eit nasjonalt forvaltningsapparat, organ for demokratisk deltaking, og sist, men ikkje minst, samfunnsutviklarar som samarbeider med andre aktørar om å forme utviklinga i lokalsamfunnet og regionen. Boka tek for seg styring og styringsformer rundt kvart av desse oppgåveområda, men også korleis dei på mange måtar grip inn i kvarandre. Forfattaren viser korleis rollene byggjer på ulike idear og organisasjonsprinsipp, og at dei derfor er prega av ulike handlingslogikkar. Men sidan dei ulike rollene også grip inn i kvarandre, blir det kommunale feltet prega av variasjon, spenningar og konflikt. Oddbjørn Bukve er professor og forskingsleiar i organisasjon og leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her underviser han også offentlege leiarar ved masterstudiet i organisasjon og leiing. Han har tidlegare publisert fleire bøker om politikk og styring.
Les mer
1. e-bokutgave tilsvarer 1. utgave 2012

Produktdetaljer

Publisert
2019-08-05
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
E-bok

Forfatter