«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane.» Lothepus. Leif-Einar Lothe, betre kjend som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til. Over ein million følgde med då Lothepus vann realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men kven er han? Eit ekte mannfolk? Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn? Ein snill og hjelpsam mann? Ein som gir faen? Ein tulling? Eit geni? Journalist og forfattar Finn Tokvam har hatt mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet er ei bok med røvarhistorier og private foto frå ein sann eventyrar. Lothepus fortel om den gongen han flykta frå politiet med hest, om kunsten å ri i fylla, og om då han var på reinjakt på vidda og leigde sjøfly for å gå på pub i Bergen. Han fortel også om kva det gjorde med han at han mista veslebror sin, Stian, i ung alder.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788252194708
Publisert
2017-09-25
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
503 gr
Høyde
232 mm
Bredde
157 mm
Dybde
19 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Innbundet
Antall sider
182