M Train tek til i den vesle Greenwich Village-kafeen der Patti Smith kvar morgon går for å drikke kaffi og skrive i notatboka si. Ved stambordet sitt reflekterer ho over livet, kjærleiken, og det ho har mista. I M Train kjem vi nærare Patti Smith enn nokon gong før. Ho inviterer oss inn i New York-kvardagen sin, fylt av litteratur, kinobesøk og britiske detektiv-seriar. Vi blir tekne med på dei mange reisene hennar: frå Frida Kahlos heim i Mexico til Berlin, London og gravene til Jean Genet, Sylvia Plath og Arthur Rimbaud. Patti Smith har sjølv omtalt denne boka som eit vegkart over livet sitt. M Train er ei kraftfull og djupt rørande memoarbok av ein av vår tids største kunstnarar. Det er ei vakker og ettertenksam bok om sakn, sorg, forsoning, håp og inspirasjon. Illustrert med Smiths eigne polaroidfoto.
Les mer
Inneholder et nytt kapittel og nytt fotomateriale

Produktdetaljer

ISBN
9788252193626
Publisert
2017-04-21
Utgave
2. utgave
Utgiver
Vendor
Samlaget
Vekt
260 gr
Høyde
200 mm
Bredde
128 mm
Dybde
20 mm
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
264

Forfatter
Oversetter