Adi Enberg, Marina Noreg, Magdalena Freud Joyce, tre gåtefulle og mangslungne kvinner som prega og sjølve blei livsfarleg merka av tida dei levde i. Med skjebneåra 1939-1942 som dreiepunkt er Magdalenafjorden ein vidt forgreina samtidsroman frå vår nære fortid. Handlinga spenner frå Narvik i nord, over Lovra i litteraturen til Spania i reaksjonens mørke. Midt under krigen gjer den unge redararvingen Conrad Tandem ei forretningsreise tvers gjennom Europa frå sør til nord. Eit par tiår seinare får sjøguten Frank «Keu» Tverrli ikkje landlov i USA. Til gjengjeld blir han ei kjempe som flyttar bilar med berre nevane, tygg knivblad og spyttar spikrar. Dessutan kjenner han Prinsen av Asturias og den katalanske forfattaren Josep Pla. Og mange kvinner, oppdikta og historiske, truverdige og trulause. Ein ting er å overleva, noko anna å leva vidare.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788242181725
Publisert
2019-05-02
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Lydbokforlaget
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Lydfil

Forfatter
Lest av