Malawi er ikkje som andre land i Afrika. "A place apart", korrespondenten for den britiske søndagsavisa Observer for snart femti år sidan. Fattig og overbefolka, ramma av aids og med utarma jord. Likevel får folket deg alltid til å kjenne deg heime der. I Malawi finn ein folkeliv og kultur der mykje av det opphavlege Afrika er teke vare på. Sjeldan finn ein så mykje vakker og variert natur på så lita landflate, og landet er dominert av ein blendande innsjø som folk ennå kallar "Livingstone's Lake" etter han som meiner han oppdaga sjøen. I denne boka finn du forteljingar om Malawi. Om historia og kulturen, om misjonen og kyrkjene. Om slavehandelen og om aids. Om økonomi og fattigdom. Og om politikken i det unge demokratiet. Dessutan om bistanden og bistandspartnarane i landet. Asbjørn Eidhammer var den første norske ambassadøren i Malawi, frå 1999 til 2004. Han er utdanna samfunnsvitar, har arbeidd med utviklingshjelp og Afrika-politikk sidan 1977, og har budd 10 år i ulike afrikanske land. Frå 1981 til 1984 var han leiar i Fellesrådet for det sørlege Afrika.
Les mer
Boka gir eit bilde av det afrikanske landet Malawi, og tar for seg landet si historie, inkludert slavehandelen og misjonshistorie, ser på landet sin kultur, økonomi, fattigdom, aids-problematikken, politikk, bistanden og bistandspartnarane i landet. Har litteraturliste og stikkordregister.
Les mer

Produktdetaljer

ISBN
9788230001332
Publisert
2005
Utgave
1. utgave
Utgiver
Vendor
Kolofon
Aldersnivå
Voksen
Språk
Product language
Nynorsk
Format
Product format
Heftet
Antall sider
187